Naturarven: Ryddige strender i Randaberg
Nå i haust har miljøvernavdelinga kartlagt alle former for avfall og strandsøppel langs heile kyststripa i Randaberg, frå Randaberg-bukta i nord til Vistnes i sør. Til saman er det snakk om drygt 80 stadar der vi bidreg med å få fjerna smått og stort av avfall. Gode lokale hjelparar i organisasjonane Clean Shores og Seasick Fish skal ha stor takk for sin innsats. Likeså og ikkje minst, dei mange grunneigarar som ryddar kvart år, og Jæren friluftsråd med sin rekordinnsats i år!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen sin visjon er å ta vare på Rogaland. I dette ligg å ta vare på også dei uerstattelege naturverdiane i vårt mangfaldige landskap - dette er arvesylvet for våre ungar i mange slektsledd |
Strendene i Randaberg har eit yrande fugleliv under trekket om hausten.
Foto: Roy Mangersnes
Havstrendene i Randaberg, sør til Vistnes er verna som landskapsverneområde. Sandebukta- Bø er fuglefreda, med internasjonal Ramsar-status. Børaunen er i tillegg geologisk freda, plantefreda og rik på kulturminne. Litt av eit område! |
Skrot og avfall skal vekk frå vakre strender. |
Er der ein gullskatt i enden av regnbogen i den gamle gravhaugen? Strendene er rike på gamle og nyare kulturminne. Foto: Fylkesmannen |
Visste du at det urgamle grunnfjellet av fyllitt i Randaberg gir gode vekstforhold for eit stor tal ulike vegetasjonstypar og sjeldne planter? Sjå om du finn tusenfrydenger eller kan hende salturt og honningkarse? Det er eit nasjonalt miljømål at utrydding av truga artar skal stansast og status for artar i nedgang skal vere betra innan 2020. |
Strandliv ved Sandebukta. Foto: Per Kristian Austbø |
Landskap med stort tids-djup; nye bygg, krigsminne, forhistoriske gravhaugar og like gamalt beitelandskap. Foto Per Kristian Austbø |
Visjon
Fylkesmannen sin visjon er å ta vare på Rogaland. I dette ligg å ta vare på også dei uerstattelege naturverdiane i vårt mangfaldige landskap - dette er arvesylvet for våre ungar i mange slektsledd