Besøksstrategi for Jærstrendene
Miljødirektoratet har i brev av 15.10.2020 godkjent "Besøksstrategi for Jærstrendene landskapsvernområde". Besøksstrategien blei utarbeidd av Fylkesmannen etter godt samarbeid med kommunar, Rogaland fylkeskommune, Jæren friluftsråd og fleire innspel i samband med lokal høyring.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Strategien vil etter vårt syn, vere eit godt grunnlag for vidare praktisk forvalting med den tre-delte målsettinga om å ta vare på naturverdiane, gi god tilrettelegging og informasjon om natur- og kulturopplevingar for besøkande. Samtidig synliggjer strategien moglegheitene for lokalt næringsliv innan reiseliv.
Digital kartportal viser sårbart planteliv
Den lange og smale kyststripa er særs samansatt i høve til natur- og kulturverdiar og bruksinteresser. Vi har derfor laga ein eigen kartportal https://www.temakart-rogaland.no/bsj. Denne gir oversikt over til dømes vernegrenser, sårbart dyre- og planteliv, kulturminne, eksisterande tilretteleggingstiltak og ikkje minst tiltak foreslått i besøksstrategien. Portalen vil bli revidert jamleg etter behov.