Forvaltningsplanar på nett for verneområde
Ein forvaltingsplan er ei praktisk rettleiing som skal bidra til avgjerder og bruk som sikrar verneområde. Med ei ny og offentleg tilgjengeleg innsynsløysning ønskjer me å synleggjere verneområda: deira naturverdiar og korleis me kan nytta og ta vare på dei.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Forvaltningsplanen for eit verneområde skal utdjupe og presisere bruken av reglane i verneforskrifta. Samstundes skal planen informere om naturverdiar og kva tiltak som er ønskelege for å ta vare på naturverdiane. Med dette vil forvaltningsplanen sikre langsiktig og målretta forvaltning av heile verneområdet for framtida.
Nye forvaltningsplanar for verneområde blir laga i planverktøyet ‘Forvaltningsplanar på nett for verneområde’ (FPNV). Eldre forvaltningsplanar finns også i FPNV. Desse er lagt inn som såkalla ‘skall-planar’, og kan lastast ned som pdf. Skall-planar skal som regel reviderast og bli sluttført i FPNV innan 5 år.
FPNV er med å sikre ei meir straumlinjeforma tilnærming til forvaltning og einskapleg innhald. Forvaltninga håpar såleis at FPNV kan vere med å synleggjere naturverdien verneområda byr på og korleis ein kan bidra i å ta vare på dei.
Kontaktpersoner
-
Einar Heegaard
Tlf: 51 56 88 72 -
Alf Odden
Tlf: 48 04 45 83