Hesten naturreservat i Strand kommune er utvida

Hesten naturreservat i Strand Foto: Audun Steinnes.

Kongen i statsråd vedtok 20. juni 2023 vern av 42 skogområde i Norge. I Rogaland fylke er det vedtatt utviding av eit eksisterande reservat, Hesten naturreservat i Strand kommune. Vernet av Hesten er basert på frivillig vern av skog.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.06.2023

Hesten naturreservat i Strand kommune vert utvida med 616 daa til totalt om lag 11 325 dekar. Sjå nytt vernekart her. Verneforskrifta vil etter kvart verte oppdatert i Lovdata.

Hesten naturreservat er eit skogsreservat med særeigen vestnorsk kystfuruskog mellom Kolabygda og Botne i Strand kommune. Utvidinga er i nord mot Svinevatna og tilfører eit kupert nordvendt terreng med store naturverdiar og ein meir robust arrondering. Område er rikt på fuktkrevjande artar, med fleire raudlista artar assosiert med boreonemoral regnskog som har særskilte krav til fuktigheit. Området har variert treslagsfordeling med furu, bjørk, selje, rogn, osp, eik og hassel. Det er flekkvis rikemarkslag, men det er det høge fuktnivået som pregar skogsbiotopen på høg bonitet.

Samarbeidsprosjekt

Vernet er eit samarbeid mellom grunneigarar, skogeigarlaga (i dette tilfellet Allskog), Statsforvaltaren og Miljødirektoratet. Verneprosessen startar ved at grunneigar tilbyr sin skog for vern mot eit vederlag. Skogeigarlaga hjelper grunneigarane i kontakt med Statsforvaltaren og Miljødirektoratet, og til saman kjem ein fram til ein løysing som er tilfredsstillande for partane.

Skattefritt vederlag

Merk at vederlaget som grunneigar får for skogen er skattefritt og ordninga inneber ingen utgifter for grunneigarane. Har du skog og lura på ordninga frivillig skogvern er det berre å ta kontakt med Statsforvaltaren i Rogaland.

Klikk her for vernekart over Hesten naturreservat. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.