Tilskotsordningar
Her følgjer ei oversikt over ein del statlege tilskotsordningar for miljøtiltak over Miljøverndepartementets budsjett. Søknader om tilskot blir sendt gjennom det elektroniske søknadssenteret (ESS) til Miljødirektoratet. ESS opnar for innlevering av søknadar om lag ein månad før søknadsfristen for det einskilde tilskotet.
Du kan gå direkte til søknadssenteret via https://soknadssenter.miljodirektoratet.no. Du kan registrere deg som søkar og finne informasjon om søknadsprosedyren der, saman med omtale av dei einskilde tilskotsordningane. Rapportering av tiltak det er gitt tilskot til skal også skje gjennom søknadssenteret. Ta eventuelt kontakt med Statsforvaltaren for rettleiing.
Du finn også informasjon om tilskotsordningane i på nettsida til Klima- og miljødepartementet.
Tilskotsordningar som Statsforvaltaren si miljøvernavdeling forvaltar
Sjå omtale i søknadssenteret av dei einskilde tilskotsordningane ved å klikke på lekkjene under. For følgjande tilskotsordningar er søknadsfristen 15. januar:
- Fisketiltak for laks og sjøaure (anadrome laksefisk)
- Kalking av vassdrag (redusere negative effektar av sur nedbør)
- Trua naturtypar (utvalde naturtypar og naturtypar på raudlista)
- Trua artar (prioriterte artar og artar på raudlista)
- Vilttiltak (trua eller sårbare artar eller artar det ikkje kan haustast av, samt grågås og villrein)
- Tiltak i kulturlandskapsområde registrerte som verdifulle kulturlandskap (områda det kan søkjast om tilskot til står på eiga liste over prioriterte område)
- Tiltak for ville pollinerande insekt (restaurering, skjøtsel og etablering av leveområde)
Desse tilskotsordningane har andre søknadsfristar:
- Akutte forbyggjande tiltak mot skade frå rovvilt (kan søkjast heile året)
- Førebyggjande tiltak i rovviltforvaltninga (søknadsfrist 15. februar)
- Konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga (søknadsfrist 15. februar)
- Tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket (kontakt Statsforvaltaren si landbruksavdeling)
Nokre aktuelle ordningar som Miljødirektoratet forvaltar:
- Generell vassforvaltning (søknadsfrist 15. januar)
- Tiltak mot framande organismar (søknadsfrist 15. januar)
- Programmet "Villreinfjellet som verdiskapar" (søknadsfrist 15. januar)
- Verdiskaping naturarv (søknadsfrist 15. januar, søknadssenter opnar 17.12.2019)
- Klimasats - stønad til klimasatsing i kommunane (søknadsfrist 15. februar)
- Tilskot til klimatilpassing (kunnskap, kompetanseheving og utgreiing (søknadsfrist 15. februar)
- Tilskot til innlevering av kasserte fritidsbåtar (søknadsfrist: perioden 1. januar til 1. desember den året båten blir kasserte)
- Tiltak mot marin forsøpling(søknadsfrist 31.1.2020, opnar for søknad 6.1.2020)
Tilskot til friluftslivsformål:
Det er fylkeskommunen som har ansvaret for friluftsliv på fylkesnivå. Dette omfattar også dei statlege tilskotsordningane til friluftslivsformål. Meir informasjon finn du på nettsidene til Rogaland fylkeskommune.
Tilskot for trua naturtypar
Gjer du tiltak for å ta vare på en trua naturtype kan du søke tilskot. Målet er å ta vare på trua naturtypar i Norge.
Trua naturtypar
Fisketiltak for laks og sjøaure
-
Stig Sandring
Tlf: 51 56 89 31
Kalking av vassdrag
Trua artar
Vilttiltak & rovvilt
-
Bjørn Mo
Tlf: 51 56 89 09