Tilskot for trua naturtypar

Gjer du tiltak for å ta vare på en trua naturtype kan du søke tilskot. Målet er å ta vare på trua naturtypar i Norge.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.09.2020

Kva områder kan du søke for:

Trua naturtypar omfattar både

  • utvalde naturtypar (eks. Kystlynghei, Slåttemark, Slåttemyr, Hole eiker) og
  • trua naturtypar på Norsk raudliste for naturtypar (eks. Strandeng, Naturbeitemark/semi-naturlig eng)

Det gis ikkje tilskot til trua naturtypar i verneområde.

Kven kan søke:

I dette tilskotet kan grunneigar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemd og institusjonar få tilskot.

Kva kan det søke om:

Du kan søke pengar til tiltak for å fremma ein trua naturtype. Nedanfor ser du eksempl på naturtypar du kan søke om tilskot til i Rogaland, og kva tiltak som kan være aktuelle.

Naturtype

Tiltak

Slåttemark (semi-naturlig eng) og slåttemyr (semi-naturlig myr)

Slått, restaurering, utarbeida skjøtselsplan

Kystlynghei

Lyngbrenning, rydding, gjerding, utarbeida skjøtselsplan

Naturbeitemark (semi-naturlig eng)

Utarbeida skjøtselsplan, krattrydding, tiltak mot framande artar, gjerding

Hol eik

Kronereduksjon

Høgmyr, kystmyr og rikmyr

Restaureringstiltak, utarbeida tiltaksplan

Høgstaude edellauvskog og lågurt edellauvskog

Fjerning av framande artar, styving

 

Tiltaka er delt inn i direkte og indirekte tiltak. Direkte tiltak blir gjennomført i felt for å betre naturtypen. Indirekte tiltak bli ikkje gjennomført i felt, men fremmer skjøtselen av trua naturtypar og informasjonsarbeid.

Korleis søke og krav til søknaden:

Søknadsfristen er 15. Januar. Søknaden skal sendes inn elektronisk i Miljødirektoratets søknadssenter.  Søknadsportalen opnar rundt ein månad før. Når du fyller ut søknaden ønsker vi at du følger søknadsmalen som er lagt som eit vedlegg her på sida.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner