1/5 del av innbyggarane på Jæren bur i gåavstand til Jærbanen

Frå Stavanger i nord til Eigersund i sør bur 18 % av innbyggarane i gåavstand til jernbanestasjon. Det viser ei utrekning Fylkesmannen i Rogland har gjort. Dette utgjer 46 701 innbyggarar. Transformasjon og fortetting i byområde Stavanger og Sandnes og i «stasjonsbyane» på Jæren vil kunne auke denne andelen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.01.2016

Folketalet i Stavanger, Sandnes, Klepp, Time, Hå og Eigersund er 261 301. Ei GIS-analyse gjort av Fylkesmannen viser at 46 701 av desse bur i gåavstand til jernbanestasjon. Det er lagt til grunn 550 m avstand i vår utrekning.

Kommune Folketall 01.01.2015 Inbyggarar i influensområde til bane

% av inbyggarane i influensområde til bane

 Stavanger  132102 19857   15
 Sandnes  73624  10684  15
 Klepp  18741  1929  10
 Time  18306  4343  24
 Hå  18528  8362  45
 Eigersund  14916  1526  10
 Sum  261301 46701   18

Størst del innbyggarar i Hå har gåavstand til Jærbanen (45 %). Time kjem og bra ut med Jærbyen Bryne og Bryne stasjon (24 %).  Færrast med gåavstand til Jærbanen har Eigersund og Klepp med 10 %.

 

Kven utviklar seg best framover - Stavanger eller Sandnes, Varhaug eller Nærbø?

Stavanger og Sandnes kjem likt ut med 15 %. Det blir interessant å sjå kven av dei to kommunane og bysentra som klarer å auke denne andelen best og mest i åra framover.

Og kan Varhaug (2559) ta igjen Nærbø (2631)? Kor fort går utviklinga i Jåttåvågen, og når vil utbygginga i Bybåndet sør gjere Øksnevadporten til ein langt større og viktig stasjon?

Jernbanestasjon Busette i influensområde til stasjon (sortert etter høgaste tal)
 Stavanger sentrunm og Paradis  12158
 Sandnes sentrum og Sandnes (Brueland)  6519
 Ganddal  4165
 Bryne  4128
 Jåttåvågen  2923
 Nærbø  2631
 Varhaug  2559
 Mariero  2524
 Gausel  2252
 Vigrestad  1987
 Egersund  1413
 Klepp stasjon  1221
 Øksnevadporten  708
 Sirevåg  465
 Ogna  371
 Brusand  349
 Hognestad  215
 Hellvik  113
Sum 46701

Fylkesmannen si analyse har ikkje vurdert arbeidsplassomfang i same influenseområde.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner