Ros til Stavanger kommune sitt forslag til ny arealdel i kommuneplanen for perioden 2023-2040
Stavanger kommune har laga ny arealdel til kommuneplanen for perioden 2023-2040. Statsforvaltaren i Rogaland vil framheve at kommunen har gjort eit solid arbeid, og vi har gitt vår uttale til planen i brev av 29.09.2022.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Stavanger kommune har revidert arealdelen til kommuneplanen. Det er gjort eit solid arbeid og lagt ved mange og grundige fagrapportar. Planforslaget syner koplingar til viktige nasjonale føringar og FN sine berekraftsmål, via regionale føringar og lokale prioriteringar.
Blant dei positive grepa kommunen har gjort i arealdelen vil vi særleg trekke fram tilbakeføring av areal til LNF-formål og justering av langsiktig grense for landbruk, og delprosjektet "Grønn plan" for ivaretaking av natur-, miljø- og friluftslivsområder i kommuneplanen.
Sjølv om det er mange dokument i planforslaget med fagrapportar, gir planskildringa og kartløysingar ein god oversikt over planen, samt god tilgjenge for allmenta.
Statsforvalteren har motsegn til arealendring, til manglande innarbeiding av omsynssone for brann- og eksplosjonsfare og føresegner der forslaga er i strid med viktige nasjonale og regionale føringar. Andre forslag får innspill som faglege råd eller meir teknisk/juridisk rettleiing for å styrke kommuneplanen som eit styringsverktøy.