NVE prioriterer overordna plan og rettleiing

NVE informerer i eit skriv om at dei ikkje vil vurdere reguleringsplanar på høyring utan at kommunen ber direkte om det. Dei prioriterer ressursane på å vurdere kommuneplanar, kommunedelplanar og områdeplanar, i tillegg til å fokusere på rettleiing og opplæring i kommunar med store utfordringar.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.11.2017

Kommunane har nyleg motteke eit brev frå NVE som igjen understrekar at dersom dei skal uttale seg i ei sak på reguleringsplannivå må dei bli spurde direkte av sakshandsamar, med konkrete problemstillingar. NVE er pressa på ressursar, og ser seg nøydde til å gjere slike innskrenkingar i sakshandsaminga si. Til hjelp for kommunane og andre offentlege og private arealplanleggarar har dei utarbeidd ein rettleiar, nr 2 2017, for nasjonale og vesentlege regionale interesser innan NVE sitt saksfelt, og deira grunnlag for motsegn. Alle reguleringsplanar som rører ved NVE sitt fagfelt skal framleis sendast på høyring til NVE, men dei som manglar ei konkret fagleg problemstilling kan ikkje forventast å få ei uttale. NVE oppmodar derfor kommunane til å skrive tydeleg i høyringsbrevet til reguleringsplanar kva bistand dei treng frå NVE.

Rettleiaren legg særleg vekt på å definere kva som blir definert som nasjonale og vesentlege regionale interesser innan NVE sine saksområde, og kva som blir forventa av kommunen. Rettleiaren er tenkt å bidra til at planaktørane utarbeider gode arealplanar gjennom gode planprosessar.

Ein plan som rettar seg etter råda i tabellane frå rettleiaren vil unngå motsegn frå NVE. NVE vil vurdere å fremme motsegn dersom:

  • Planen ikkje har identifisert, kartlagt, vurdert eller følgt opp i føresegner flaum- og skredfare i tilstrekkeleg grad
  • Planen er i strid med vassressursloven eller rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag
  • Planen kan medføre skader på -eller vere til hinder for planlagte eller eksisterande anlegg for produksjon eller overføring av elektrisk energi

 

Fylkesmannen har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at tema som samfunnstryggleik og beredskap, klimatilpasning og vassdragsforvaltning er ivaretekne i plan, og vi har eigne retningsliner for motsegn.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.