Rogalandsklimaet resten av hundreåret -varmare og våtare
Rogaland vil få større utfordringar med regnflaumar, meir overvatn, fleire skred og høgare havnivå. Norsk klimaservicesenter publiserte i dag ein klimaprofil for fylket, som skal gjere det enklare for planleggjarar å ta omsyn til klimaendringane. Klimakunnskapen må inn i arealplanlegginga.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Klimaprofilen er basert på at klimagassutsleppa held fram med å auke som i dag. Klimaendringar i Rogaland vert rekna ut frå avanserte klimamodellar:
- Gjennomsnittleg årstemperatur er berekna å auke med ca. 3,5°C
- Temperaturen aukar mest på vinteren med ca. 4°C, minst om sommaren med 3,5°C
- Årsnedbøren er berekna til å auke med ca. 10%
- Kraftig nedbør: oftare og meir intenst. Dette vil gi større utfordringar med handtering av overvatn. Profilen legg opp til at intensiteten i slikt styrtregn kan auke med 40%
- Fleire og større regnflaumar. I mindre bekkar og elver må ein forvente ei auke i flaumvassføringa
- Auka fare for jord-, flaum og sørpeskred, som følge av meir nedbør
- Stor reduksjon i snømengde
- Vekstsesongen vil bli 1-3 månader lengre. Den aukar mest i ytre kyststrøk
- Stormflonivået er forventa å auke som følge av havnivåstiging
- Auka fare for tørke sommarstid i fylket. Det vil i så fall t.d. føre til auka skogbrannfare, auka behov for vatning i jordbruket, og utfordringar for settefiskanlegg
Kommunane må i høgare grad styre arealbruken vekk ifrå fareområder, og dimensjonere bygg og anlegg i forhold til dei komande utfordringane med t.d. meir vatn. Vedlikehald må også prioriterast høgt.
Mange tettstader og byar i Rogaland ligg ved vassdrag, og/eller langs kystlinja. Det er viktig å kartlegge vassveier i tettstader, og legge til rette for flaumvegar. Planar for utbygging bør sikre nok avstand til bekkar, elver og lågpunkt i terrenget, samt holde vassvegane opne. Avlaupsnett må dimensjonerast for meir vatn, og open overvasshandtering prioriterast opp.
Funna i profilen understreker at det er naudsynt å legge til 20% i klimapåslag på forventa flaumstørrelse i tida framover. Dette må inn i kommunane sine planar. NVE kan ikkje enno seie når flaumsonekarta skal oppdaterast for dei 9 allereie kartlagde elvestrekka i Rogaland.
Klimaprofilen blei overlevert fylkesutvalet i går, og ligg tilgjengeleg på Norsk klimaservicesenter sine nettsider