Ny sjekkliste til ROS-analyser til planer
ROS-analyser skal sikre at det er trygt for liv, helse og materielle verdiar og miljø i nye byggeområde. Ei ny oppdatert sjekkliste og lenkesamling er laga for å identifisere uønska hendingar til risiko- og sårbar-analyser til arealplan.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I 2017 blei det laga ny «DSB veileder» om «Samfunnssikkerhet i kommunanes arealplanlegging». I vedlegg 5 i denne er det eksemplar på uønska hendingar. Nå er det laga ei ny sjekkliste, der ein og finn lenker til regelverk.
Det er Fylkesmennene i Agder og Sogn og Fjordane, NVE og DSB som har laga den.
Kommunane sørgjer for at det finst ROS-analyser (PBL § 4-3) til reguleringsplanar og kommuneplanar. Kommunar bør nytte denne sjekklista som utgangspunkt til å utarbeide ei eiga sjekkliste for utbyggar, og inkludere risikoområde ifrå eiga heilskapleg ROS-analyse. Sjekklister kan ligge ved som ein del av ei ROS-analyse.
Sjekklista er ikkje uttømmande. Det er IKKJE nok å berre kryssa av for punkta i vedlagt sjekkliste for at det skal vere ein ROS-analyse etter lova. Ein ROS-analyse skal innehalde:
- Bakgrunn, organisering, kven har utarbeidd analysen, delteke i arbeidet, dato, og metode.
- Analyse; aktuelle uønskte hendingar (frå sjekklista) skal haldast opp mot akseptkriterier, for å avgjera om det er trong for tiltak.
- Konklusjon, oppfølging av MÅ-tiltak.
- Vedlegg; rapportar, aktuelle uttalar og deler av heilskapleg ROS, sjekkliste mm.
MÅ-tiltak (raudt i matrisa) skal vere følgt opp med analyse og konklusjon, og med plantekniske verkemiddel i plankart og føresegner/rekkefølge-krav.
Ved spørsmål kan Ivar Langvik hjå Fylkesmannen i Rogaland kontaktast.