Omfattande varslingsprøve på mobilen
Onsdag 14. juni klokka 12.00 skal Nødvarsel på mobil testast i stor skala. Samtidig blir Sivilforsvaret sine tyfonar testa. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
og politiet ber nå folk om å førebu seg på denne omfattande varslingsprøva.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".
Varslingsprøva 14. juni blir gjort over heile landet, rundt kl. 12.00. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vibrerer og speler av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler.
Del denne informasjonen med dei du kjenner
Ei så omfattande varslingsprøve kjem til å høyrast godt, spesielt der mange er samla – og mange einingar speler av lyd samtidig. Del derfor denne informasjonen om varslingsprøva med dine næraste, slik at flest mogleg er budde og veit at dette bare er ein test.
Kven får testen?
Testen går ut til alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som er i Noreg – og som er kopla til 4G eller 5G.
Husk å oppdatera telefonen din, slik at du har den nyaste programvara. Dersom du ikkje har ein oppdatert telefon med dei nyaste oppdateringane, kan det henda at du ikkje mottar testen.
Meir informasjon om einingane som kan motta Nødvarsel
Ønsker du ikkje å motta testen på mobiltelefonen din?
Dersom du ikkje ønsker å motta testen, må du setta telefonen i flymodus, eller skru den heilt av, i god tid før og etter kl. 12.00 14. juni. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt av varselet.
Korfor blir det testa?
Nødvarsel på mobil blir testa til heile befolkninga både for å gjera folke kjent med korleis det blir opplevd å få eit Nødvarsel – og for å sikra at systemet fungerer som det skal.
I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjera for å beskytta deg sjølv.
– Terskelen for å bruka Nødvarsel på mobil er høg. I krisesituasjonar er det politiet eller Sivilforvaret som har høve til å senda det ut. Derfor erstattar det ikkje vanleg sms-varsling til innbyggarene, system som mange kommunar nyttar seg av, seier fylkesberedskapsjef Reidar Johnsen.
Når blir Nødvarsel på mobil brukt?
Nødvarsel blei lansert i januar i år og skal brukast til å varsla befolkninga på mobiletelefon om akutte og alvorlege hendingar som truar liv og helse. I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjera for å beskytta deg sjøl. Nødvarsel kan brukat både ved lokale, regionale og nasjonale hendingar.
Kontaktpersoner
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31 -
John Gunnar Skien
Tlf: 51 56 88 30 / 90 99 81 44