Oransje farevarsel om svært kraftige vindkast i delar av Rogaland og Agder
Eit stormsenter som nå ligg vest for Island, blir gjennom dagen forsterka og legg seg over Sør-Noreg midt på dagen torsdag.
Dette lagtrykket gir svært kraftige vindkast i Rogaland og vest i Agder torsdag ettermiddag og kveld. På kysten er det venta sterk storm. Natt til fredag har stormsenteret flytta seg til Østersjøområdet og vinden kjem gradvis til å minka.
Svært kraftige vindkast frå nordvest
Torsdag ettermiddag og kveld er det venta svært kraftige vindkast frå nordvest på 33–42 m/s i delar av Rogaland og vest i Agder. Dei kraftigaste vindkasta kjem nær kysten.
- For sørlege delar av Vestland, inste delar av Rogaland og delar av Agder er det venta vindkast på gult nivå.
- I sørlege delar av Vestland og inste delar av Rogaland kjem det kraftige vindkast på 33-38 m/s enkelte stader, med dei kraftigaste vindkasta nær kysten.
Stormen er venta å minka i løpet av torsdag kveld.
Ved sterk vind er det kasta som gjer mest skade.
Statsforvaltaren kallar inn til møte i ettermiddag
– For å sikra at Rogaland er best mogleg budd på den kraftige vinden, kallar Statsforvaltaren i Rogaland inn kommunane, og utvalde eigarar av viktig infrastruktur, til møte i ettermiddag. Meteorologisk institutt deltar også for å gi oss ei oppdatering, seier fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen.
Kontaktpersoner
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31 -
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80