Ber kommunane gå gjennom beredskapsplanverket

Grunna auka trusselnivå i landet har Fylkesmannen fått i oppdrag frå Helsedirektoratet å sjå til at kommunane i fylket går gjennom beredskapsplanane sine.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.07.2014

Kommunane er blitt bedne om å gå gjennom planverket for helsemessig og sosial beredskap, overordna kriseplan og å sjekke om varslingslistene er korrekte. Dei må også vurdere ressurssituasjonen og korleis dei eventuelt kan kalle inn nøkkelpersonar frå ferie om noko skulle skje.

Helsedirektoratet har etablert krisestab, og følgjer situasjonen tett. Dei legg ut aktuell informasjon og råd til befolkninga på www.helsenorge.no og www.helsedirektoratet.no.

Dette kjem i tillegg til www.kriseinfo.no som informasjonskjelde til befolkninga og kommunane om utviklinga når det gjeld trusselsituasjonen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.