Krisa i Ukraina: Her finn du nyttig informasjon
Urolege tider fører til mange spørsmål. Her har me samla nokre av dei mest sentrale kjeldene til oppdatert informasjon om den spente situasjonen i Europa – og korleis dette kan påverka oss.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kva betyr det for oss at det er fire atomkraftverk i eit krigsramma Ukraina? Bør alle skaffa seg jodtablettar? Det er Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) som både følgjer situasjonen og som fortløpande vurderer ulike scenario for kva som kan skje dersom eit av Ukrainas atomanlegg skulle bli utsett for noko. Men krisa i Ukraina handlar om meir.
Meir enn atomtryggleik
– Situasjonen er svært alvorleg. Statsforvaltaren er bindeleddet mellom sentrale og lokale styresmakter, og me har ei tydeleg rolle innan samfunnstryggleik og beredskap. Derfor følgjer me krisa tett i fleire spor. Denne krisa handlar om meir enn atomtryggleik. Me må vera budde på å ta godt imot fleire av dei som flyktar frå Ukraina nå. Nokre har alt kome til Rogaland, seier statsforvaltar Bent Høie.
Nå er fylkesberedskapsrådet kalla inn til nytt møte. Ukraina-krisa blir også tema i møta våre med kommunane framover. I pandemien har tett dialog med kommunane i Rogaland vore heilt avgjerande. Nå må Ukraina-krisa også på saklista.
– Ingen grunn til stor uro i Rogaland, men me skal vera merksame
Assisterande fylkesberedskapssjef Gry Evensen registrerer at mange rogalendingar er urolege nå. Det er ikkje så rart når me ser dei dramatiske bileta frå Ukraina. Men Evensen meiner det ikkje er stor grunn til å uroa seg.
– Det er lite i dag som tilseier at me skal gå rundt og bekymra oss unødvendig for eigen tryggleik her i Norge. Når det er sagt, skal alle, både privatpersonar og verksemder, vera særleg merksame på digitale truslar. Det handlar om å vera kritisk til kva ein trykker på av lenker – og ikkje minst gjera det ein kan for å halda PC-ar og IKT-system oppdaterte, seier Evensen.
Bent Høie legg til at mange barn og unge synest det er skummelt med krig i Europa – og at vaksne har eit ansvar for å snakka med dei om det som skjer.
– Me kjenner på usikkerheit, både unge og vaksne. Det er viktig å trygga dei som er redde. Eg vil anbefala alle vaksne å lesa råda frå Utdanningsdirektoratet, Hvordan snakke med barn og unge om krig og frykt. Her får du gode og konkrete råd, seier Høie.
Ser me isolert på atomberedskapen i Norge, er den bygd opp rundt Kriseutvalet for atomberedskap, samansett av representantar frå sentrale styresmakter. Her er statsforvaltarane det regionale leddet.
– Me skal syta for at nødvendige tiltak blir sette i verk dersom nasjonale styresmakter ber oss om dette, seier Høie.
Nyttige lenker
- Siste nytt frå regjeringa om krisa i Ukraina
- Direktoratet for strålevern og atomberedskap (DSA): Vurderingar knytt til moglege hendingar med atomkraftverk i Ukraina
- DSA: Bruk av jodtablettar ved atomulykker
- DSB: Angrepet på Ukraina (temaside)
- IMDi: Om bosetting av ukrainske flyktninger
- Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM): Digital beredskap for verksemder og privatpersonar
- Politiet: Krigen i Ukraina. Her finner du informasjon fra politiet om situasjonen i Ukraina
- Politiet: Informasjon om registreringen, hva som skjer etter registreringen, og til deg som har ukrainske boende hjemme
- Sivilforsvaret har viktige oppgåver med å beskytta innbyggarane i ulike situasjonar
- UDI: Korleis hjelpa flyktningar? Asyl, innreise m.m.
- Utdanningsdirektoratet: Hvordan snakke med barn og unge om krig og frykt
- Utdanningsdirektoratet: Krigen i Ukraina
- Jod-tabletter i skole og barnehage
Kontaktpersoner
- Bent Høie
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31 -
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80