Kva lærte me av Synne?
Tidleg etablering av kommunal kriseleiing og bruk av telefonmøte. Dette er sentrale funn etter evalueringa av Synne.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det kom mykje regn over Rogaland 4. - 6. desember i samband med ekstremvêret Synne. Mest kom det i Dalane.
Lær av Eigersund
Fylkesmannen har evaluert hendinga for finna ut kva som fungerte godt og kva som må bli betre neste gong ekstremvêret herjar. Me oppmodar rett og slett kommunane til å sjå til korleis Eigersund kommune handterte situasjonen. Dei var godt budde ved at dei visste kva som kunne skje:
- Kommunen hadde laga tiltaksplanar for mykje regn og flaum i vassdraga.
- Dei var tidleg ute med å etablera kommunal kriseleiing.
- Kriseleiinga var robust nok til å halda ut i fleire døgn.
- Dei hadde god kontakt alle eksterne aktørar.
- Dei gav god informasjon til eigne innbyggarar på nettstad og Facebook.
Kva skal Fylkesmannen gjera annleis?
Fylkesmannen har óg sett at telefonmøte med kommunar og andre relevante aktørar både før og under eit ekstremvêr kan vera nyttig for å skapa eit felles situasjonsbilete på tvers av kommunane og mellom relevante regionale etatar. Derfor tar me neste gong initiativ til slike telefonmøte, fortel fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen.
Det var nok ikkje alle som innsåg alvoret tidsnok under Synne. Under den store asyltilstrøyminga i haust samla me kommunane til store, felles telefonmøte. Dette fungerte så godt at dette tar me med oss vidare til andre beredskapssituasjonar, seier Johnsen.
For meir informasjon om alle læringspunkta kan de sjå i evalueringsrapporten under pkt. 9.
Rapporten vår finn du i høgremargen.
Kontaktpersoner
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31