Evalueringsrapport: Handteringa av skogbrannane i Sokndal i april
23. april 2019 starta fleire skogbrannar Sokndal kommune. Ein av brannane var nær Hauge i Dalane. Røyken frå brannen, kombinert med vindretninga, førte til at mange hustandar blei evakuerte. Meir strukturert og målretta opplæring av grunneigarar som skal driva med bråtebrenning er eit viktig læringspunkt etter brannen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det var stor fare for at brannen skulle spreia seg mot Hauge i Dalane. For å sløkka brannen var fleire skogbrannhelikopter sette inn, med tilhøyrande leiarstøtte frå brannsjefen i Rogaland brann og redning IKS. Det var nødvendig med store ressursar frå brannvesena i regionen. Ved sida av Sokndal brannvesen, deltok både Flekkefjord, Eigersund, Lund og Hå brannvesen. I tillegg deltok Sivilforsvaret, Heimevernet, fleire frivillige organisasjonar, grunneigarar og bønder i sløkkearbeidet, vakthald, logistikkoppgåver m.m.
Må læra av slike hendingar
Det står i samfunnstryggleiksinstruksen til Fylkesmannen at me mellom anna skal gi råd, rettleiing og vera pådrivar for eit målretta og systematisk arbeid med samfunnstryggleik og beredskap i fylket. Det betyr at me skal ta initiativ til evalueringar etter hendingar for å sikra læring og utvikling beredskapsarbeidet lokalt og regionalt.
Fylkesmannen tok initiativ til evalueringsmøte
I samråd med Sør-Vest politidistrikt og Rogaland brann og redning, tok Fylkesmannen initiativ til eit evalueringsmøte etter brannane i Sokndal kommune den 20. mai 2019. Etter det som kom fram under dette møtet har Fylkesmannen laga ein evalueringsrapport.
Gjekk godt, men…
Det var stor semje om at handteringa av brannane, og samarbeidet mellom nødetatane, Sivilforsvaret, Heimevernet, frivillige organisasjonar, grunneigarar og kriseleiinga i Sokndal kommune, i all hovudsak gjekk veldig bra. Men i beredskapsplanen til kommunen var det ikkje tatt høgde for ei så omfattande hending. Eitt oppfølgingstiltak er at planen skal reviderast.
Etterlyser betre opplæring i bråtebrenning
Samla sett er det viktigaste læringspunktet at det bør vera ei meir strukturert og målretta opplæring av grunneigarar som skal driva med bråtebrenning – og svi av lyng og kratt på eigedommane sine. Næringa har etablert lokale brannlag for lyngheier i mange kommunar, som har fått offentleg støtte, men Fylkesmannen meiner at brannvesenet må ta ei sterkare rolle. Det bør lagast eit formelt kursopplegg på tvers av brannvesena for dei som skal brenna, for å sikra at det skjer på ein forsvarleg måte.
Evalueringsrapporten vår er lagt ved.
Kontaktpersoner
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31