Fylkesmannen samordnar støtteressursane
Koronahandteringa legg eit stort press på støtteressursane våre, både frivillige organisasjonar og dei offentlege. Når kommunar eller andre samfunnnsaktørar har behov for hjelp kan dei kontakta ressursen direkte. Deretter vil desse kontakte Fylkesmannen for samordning. Dersom det er tvil om kva ressurs som trengst, ta kontakt med Fylkesmannen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannens samfunnssikkerheitsinstruks gir føringar for m.a. samordningsrolla for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i fylket.
Samordnar krisehandteringa på regionalt nivå
Vi skal ha oversikt over situasjonen, og samordna og informera om krav og føringar frå sentrale styresmakter. Vi skal også samordna sivil krisehandtering på regionalt nivå, og sikra at ressursar og innsats blir fordelt optimalt i fylket. Fylkesmannen skal samordna behov for støtte frå Forsvaret, eller motsett, dersom Forsvaret har behov for støtte.
Finna dei best eigna ressursane
Saman med politiet, Sivilforsvaret, Heimevernet og ev. frivillige organisasjonar, skal Fylkesmannen finna fram til dei best eigna ressursane til dei ulike oppgåvene i regionen.
Det kan komma sentrale føringar på dette etterkvart.
Kontaktpersoner
-
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80 -
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31