Auka beredskap i Norge
Politiets sikkerhetsteneste PST har auka trugselbiletet i Norge. Fylkesmannen har vore i kontakt med politidistrikta i Rogaland og i Haugaland- og Sunnhordland. Vi har ingen spesifikk trugsel mot Rogaland.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Politiet har likevel auka beredskapen ved å auke nærværet rundt trafikknutepunkt og store folkemengder. Publikum vil merke at det er meir politi til stades enn vanleg, mellom anna på flyplassar, utanriksterminalen i Risavika og generelt stader med mykje folk.
Det er ingen åtvaring mot å reise eller å delta på arrangement. Fylkesmannen følgjer situasjonen, og kjem med meir informasjon dersom situasjonen endrar seg.
Les meir og oppdatert informasjon frå styresmaktene på nettsidene www.kriseinfo.no.
Kontaktpersoner
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31