Eit forsvar i endring. Kva skjer med Forsvaret i Rogaland?
Forsvarssjefens fagmilitære råd til ny langtidsplan for forsvarssektoren var hovudtema på møtet i Fylkesberedskapsrådet 2. juni 2016.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Oberstløytnant Jan Ivar Hoff frå HV-08 orienterte om dei føreslåtte endringane og kva desse kan bety for Rogaland. Eitt av forslaga er å redusera Heimevernet frå 45 000 til 30 000 soldatar i Noreg, samstundes med at nordområda skal styrkast. Rogaland og Agder Heimevernsdistrikt HV-08 må eventuelt vera budd på at ei slik endring får store konsekvensar for talet på soldatar i regionen vår.
Prisvinnaren Eigersund
Eigersund kommune fekk Samfunnstryggleiksprisen for 2015 for handteringa av ekstremvêret Synne i desember i fjor. Informasjonssjef Leif Broch orienterte om korleis dei var budde, kva dei gjorde og korleis dei har evaluert og følgd opp etter hendinga.
Fylkesmannen har evaluert korleis kommunane og etatane som blei ramma takla ekstremvêret. Fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen gjekk gjennom læringspunkta - både for kommunane, politiet og vegvesenet og Fylkesmannen. Fylkesmannen skal ta i bruk telefonmøte med kommunar og medlemmer av Fylkesberedskapsrådet både før og under ekstremvêr for å få betre situasjonsbilete og for å letta samordninga på tvers.
Kart i krise
Steinar Wergeland som leiar Kartverket i Stavanger demonstrerte ei ny kartløysning som er utvikla for krisehandtering (Buskerud-modellen). Kartløysninga legg opp til at dei som «eig» informasjonen, som til dømes vegvesenet, lett kan leggja inn stengte vegar slik at kommunar og andre etatar som har nytte av dette, held seg oppdatert på ein enkel måte.
Kommuneundersøkinga 2015
Til slutt orienterte seniorrådgivar Gry Evensen frå Fylkesmannen om Kommuneundersøkinga 2015. Undersøkinga seier noko om status for oppfylling av kommunal beredskapsplikt. Rogaland ligg på 4. plass blant fylka i Noreg (ned frå 2. plass i fjor).
Systematisk arbeid, og mellom anna oppfølging av den heilskapelege ROS-analysen, er der kommunane i Rogaland har størst høve til til forbetring.
Neste møte
Neste møte i Fylkesberedskapsrådet blir 6. desember 2016.
Saksliste og presentasjonane frå møtet finn du som vedlegg til denne nettsaka.
Kontaktpersoner
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31