Fylkesberedskapsrådet skal brukast meir aktivt i samband med ekstraordinære situasjonar
Informasjon om militærøvinga Hafrsfjord, ny oppfølgingsplan FylkesROS, utbrot av infeksiøs lakseanemi i Ryfylke var tema på møtet i Fylkesberedskapsrådet 29. november 2019 – i tillegg til øving av rådet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen ønsker å bruka Fylkesberedskapsrådet meir aktivt under hendingar. Dersom me samanliknar oss med andre fylke, har me dei siste 10 åra ikkje hatt store alvorlege hendingar der Fylkesberedskapsrådet er kalla saman.
Det er likevel viktig å nytta høvet når me har mindre, ekstraordinære situasjonar til å trena på å innkalla Fylkesberedskapsrådet til korte møte både før (om mogleg) og under ei hendig for å skapa eit likt situasjonsbilete. For å førebu rådet på dette hadde me ei øving og ein gjennomgang av varslingsrutinane.
Øvinga Hafrsfjord 2020
Heimevernet skal ha ei stor øving veke 24 i 2020. Dei skal øva alle soldatane samstundes. Det betyr at det blir synleg militær aktivitet over heile fylket, ikkje berre i skogen, men også i sentrum av byane og tettstadene.
Øvinga blir på same tid anti-terrorøvinga til politiet og Sivilforsvaret si øving. Heimevernet har invitert Fylkesmannen, andre regionale etatar og kommunane til å delta. Nokre har sagt dei vil, men Heimevernet håper på endå fleire. Dei som treng meir informasjon om dette kan kontakte Steinar Bødtker i Heimevernet. I samband med øvinga skal det mellom anna vera eit møte i Fylkesberedskapsrådet 10. juni 2020.
Oppfølging av FylkesROS
FylkesROS Rogaland er frå 2018. I tillegg til FylkesROS er det ein oppfølgingsplan som skal oppdaterast årleg. Fylkesmannen sende brev til dei som har ansvaret for ulike oppfølgingstiltak i sommar – og har fått tilbakemelding frå dei fleste.
På bakgrunn dette reviderer me nå denne planen. Det er viktig at alle i rådet tar ansvar for oppfølgingsplanen og at det som står der er rett. Tonje Fjermestad Aase har ansvaret for å følga opp dette frå Fylkesmannen si side.
Infeksiøs lakseanemi i Ryfylke
Regionsjef Ole Fjetland frå Mattilsynet orienterte rådet om utbrot av laksesjukdom i Ryfylke. Dette er ein sjukdom som har vore, og er, andre stader i landet, men først nå i Rogaland.
Sjukdommen betyr at det er innført ulike soner rundt anlegga som er ramma. Det er innført strenge restriksjonar og mykje laks blir slakta.
Neste møte i Fylkesberedskapsrådet blir 10. juni 2020.
Kontaktpersoner
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31