Skjønstilskot til innovasjon og fornying/prosjektskjøn

Søknadsfrist:
1. november 2022
Målgruppe:
Kommunar
Ansvarlig:
Samfunnsavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunar i Rogaland

Statsforvaltaren har tidlegare år hatt søknadsfrist for skjønstilskot til innovasjon og fornying same år som tilskotet skulle gjelde for. For at tildelinga av midlar skal vere avklart i forkant, er fristen for prosjektskjøn for 2023 sett til 1. november 2022. 

Publisert 09.08.2022

Berekraftige velferdssamfunn

Det området som er særleg prioritert ved tildeing av skjønstilskot for neste års innovasjonsprosjekter er berekraftige velferdssamfunn. Dette temaet kan knytast til flere av berekraftsmåla. Statsforvaltaren oppfordrar til arbeid med å implamentere verktøy som kan måle kommunens berekraftsarbeid (for eksempel U4SSC standarden). 

Statsforvaltaren vil spesielt prioritere samarbeidsprosjekt som omfatter fleire kommunar, gevinstrealisering og overføringsverdi. Vi vil óg ta geografiske omsyn, slik at fornying og innovasjon blir prioritert over heile fylket. 

Som ved forrige tildeling av tilskot til fornyings- og innovasjonsprosjekt er det også no sett av 10 millionar kroner. Det er sendt ut eit brev til kommunane med meir informasjon om det prioritert område for dette tilskotet. 

Søknadsfrist:
1. november 2022
Målgruppe:
Kommunar
Ansvarlig:
Samfunnsavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunar i Rogaland