Endelege satsar for RMP 2020
Fredag 5. februar fastsette Statsforvalteren endelege satsar for miljøtilskot til jordbruket i Trøndelag for søknadsomgangen 15. oktober 2020.
Den 12. mars får 2815 bønder i Trøndelag til saman utbetalt kr 70.673.587 for god miljøinnsats i 2020!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Endelege satsar for 2020
Søkinga på RMP var i år svært nær budsjettet og Statsforvaltaren var i utgangspunktet innstilt på ikkje å endra satsane frå «foreløpige satsar». Etter at kommunane endra ein del søknader på nyåret, vart det «pengar til overs» og nokre tilskotssatsar vart auka litt, jf tabellen nedunder.
Oversikt over endelege satsar for 2020 ligg på sida vår om regionale miljøtilskot.
Tabell: Endra satsar per 5. februar
Ordning |
Foreløpig sats Kr/daa |
Endeleg sats Kr/daa |
Beiting av biologisk verdifulle arealer |
90 |
91 |
Ingen jordarbeiding om hausten |
|
|
Prioriterte områder: |
|
|
Erosjonklasse 1 |
70 |
71 |
Erosjonklasse 2 |
80 |
81 |
Erosjonklasse 3 |
200 |
202 |
Erosjonklasse 4 |
240 |
242 |
Andre områder: |
|
|
Erosjonklasse 1 |
40 |
41 |
Erosjonklasse 2 |
50 |
51 |
Erosjonklasse 3 |
180 |
182 |
Erosjonklasse 4 |
220 |
222 |
Drift av beitelag, sau/geit |
23 |
24 |
Avkorting for feilopplysning
I søknader der det er gitt feil opplysning i søknaden er det endeleg sats som skal vera grunnlaget for avkortingsbeløpet.
Husk attestering RMP!
Fredag 19. februar er siste frist for kommunen for attestering av søknader som skal vera med i utbetalinga 12. mars. Dersom det er søknader som av ein eller annan grunn ikkje er ferdigbehandla, må ein unnlate å attestere desse, desse bør takast tilbake til «under behandling».
Det er rimeleg at føretaka som har søknader som ikkje er ferdigbehandla, og difor ikkje går til utbetaling, blir orienterte om dette.
Kontaktpersoner
-
Anders Mona
Tlf: 74 16 81 98