Årets ungdomskommune 2019

Invitasjon til å nominere kandidatar til prisen Årets ungdomskommune 2019

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.08.2019

Barne- og familiedepartementet inviterer til nominasjon av årets ungdomskommune 2019. 

Dei unge bur i kommune-Noreg. Lokalmiljøa er difor den viktigaste arenaen for medverknad og gode oppvekstvilkår. Frå 2019 vil den tidlegare barne- og ungdomskonferansen til Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) gjerast om til ein ungdomskonferanse med vekt på deltaking, medverknad, nettverksbygging og erfaringsutveksling mellom ungdom, kommunar og andre aktørar. For første gong vil prisen til Årets undgomskommune bli delt ut.

I 2019 vil følgjande kriterium bli tillagt vekt: Kandidatane skal ha utmerka seg med særleg merksemd på dei unge sine moglegheiter til å delta, og medverknad som ein føresetnad for god, lokal ungdomspolitikk. Dei unge sitt engasjement og synspunkt skal vere synlege i prosessar og vedtak. Kriterie som ligg til grunn for juryen si vurdering følgjer også vedlagt.

Frist for å nominere kandidatar er 1. september 2019. 

Søknad sendast til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Les meir i vedlegg i høgre margen.