Høyring av verneforslag for tre naturreservat

Berlifjell og Urdvatn ligg i Åmli og Eikåsen er i Tvedestrand. Frist for uttale er sett til 3. oktober 2014.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.08.2014

Berlifjell naturreservat i Åmli dekkjer eit areal på ca. 1186 dekar. Føremålet med vernet er å bevare eit stort og velarrondert lågtliggjande skogomåde med stor variasjon i skogtyper. Her kan du lese Høyringsforlag til Berlifjell naturreservat og Forslag til vernekart til Berlifjell naturreservat.

Utviding av Urdvatn naturreservat i Åmli dekkjer eit totalareal på 16684 dekar. Føremålet med vernet er å ta vare på eit godt avgrensa, stort samanhengande variert barskogområde med eldre bestand av gran og furu og innslag av særleg rik lauv- og blandingsskog. Her kan du lese Høyringsforslag utviding Urdvatn naturreservat og Forslag til vernekart utviding Urdvatn naturreservat.

Eikåsen naturreservat (tidligere Røyvassliane) i Tvedestrand dekkjer eit areal på 309 dekar. Føremålet med vernet er å bevare eit område med rik og variert løv- og blandingsskog. Her kan du lese Høyringsforslag Eikåsen naturreservat og Forslag til vernekart Eikåsen naturreservat.

Høyringsforslaga er sendt grunneigarar og etatar. 

Du kan sende uttaler / innspel på e-post  til: fmaapost@fylkesmannen.no, eller i posten til: Fylkesmannen i Aust-Agder, miljøvernavdelinga, Postboks 788, 4809 Arendal.

Kontaktpersoner