Oppstart av frivillig vern for tre skogområde i Åmli og Valle
Fylkesmannen inviterer til samarbeid - kom gjerne med innspel innan 30. mars.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I medhald av § 42 i «Lov om forvaltning av naturens mangfold» av 19. juni 2009 (nml),
har Fylkesmannen starta opp arbeid med sikte på verneform naturreservat, jmf. nml §37, for tre skogområde i Åmli og Valle kommunar. Ljosådalen i Valle kommune, Eikelidalen ogStuvåna i Åmli kommune.
Områda har kome fram gjennom ordninga med frivillig vern der grunneigarar tilbyr staten areal for varig vern. Det føreslåtte området i Ljosådalen i Valle kommune omfattar ti eigedomar og eit areal på ca. 37 000 daa. Eikelidalen i Åmli kommuneomfattar to eigedomar og eit areal på ca. 1950 daa. Stuvåna i Åmli kommune omfattar ein eigedom og eit areal på ca. 460 daa. Kartavgrensing for alle områda finn du i venstremargen.
Føremålet med denne meldinga er å invitere til samarbeid om gjennomføringa av prosessen.
Vi oppmodar til å kome med innspel til vernearbeidet. Innspel sendast skriftleg til:
Fylkesmannen i Aust-Agder, miljøvernavdelinga v/Gry Gasbjerg Engemyr, Postboks 788,
Stoa, 4809 Arendal eller på e-post til fmaapost@fylkesmannen.no merka Ljosådalen saknr.2010/4451, Stuvåna saknr. 15/1026 eller Eikelidalen saknr. 14/1250.
Frist for innspel er sett til måndag 30.03.2015.