Østerskumkanalen i Ruakerkilen er opna opp att
Ei enkel trebru er no på plass for gåande i det flotte verneområdet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
1. april 2014 blei ein historisk dag for Søm-Ruakerkilen naturreservat i Grimstad kommune. Då blei Østerskum, ein tidlegare kanal mellom Ruakerkilen og sjøen utanfor, opna opp att etter å ha vore samanrasa i lengre tid.
Slik såg Østerskumkananlen ut før restaurering
Tidleg på 1900-talet blei det drive østersoppdrett i Ruakerkilen, men på grunn av sjø, is og ferdsel har kanalen rasa saman over tid. I arbeid med verneplan og forvaltningsplan for naturreservatet, har det kome fram eit sterkt, lokalt ønskje om å få opna opp att denne kanalen. Grunngjevinga for dette har vore både kulturhistorisk interesse og eit håp om at auka gjennomstrøyming av vatn kan betre vasskvaliteten i kilen.
Biologiske undersøkingar som Fylkesmannen har fått gjennomført, har konkludert med at det vil vera positivt å opne opp kanalen for gjennomstrøyming av vatn. Ruakerkilen har stadig blitt grunnare på grunn av sedimentering, og vasskvaliteten er sterkt prega av stilleståande vatn, med algevekst og eutrofiering.
Tiltaket er finansiert med i overkant av 100.000 kroner frå statlege midlar, og Oveland Utemiljø har stått for arbeidet. Om lag 25 m3 sprengstein og anna masse er fjerna, og no er den 30 meter lange kanalen steinsett og ei enkel trebru er på plass for gåande som nyttar dette flotte naturområdet. Vatnet strøymer gjennom både ved høg- og lågvatn, og alt etter ti dagar kan ein sjå at den auka sirkulasjonen av vatn har byrja den store jobben med å reinske opp i Ruakerkilen.