Tørrskodd over Rjukanfossen
To nye bruer er no klare for fotturistane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rjukanfossen og Årdalen naturreservat i Åmli er eit populært turmål for både lokale og langvegsfarande. For dei som vel å fortsette vidare innover i denne villmarka, står no to nye bruer klare for fotturistane.
Der Tovdalselva kastar seg utfor dei stupbratte fjellsidene, møter vi fossen som ryk – Rjukanfossen. Dette er eit av dei siste større, urørde fossefalla i Aust-Agder, og er ein del av Årdalen naturreservat. Naturen viser seg her vill og mektig, og både norske og utanlandske går tilfredse og imponerte ned att frå Rjukanfossen.
Det mange ikkje kjenner til, er villmarksområda og dei sterke naturopplevingane som ligg og ventar vidare inn i Årdalen. For å koma dit, må ein krysse elva ovanfor fossen. Hittil har enkle stokkebruer gjort det mogleg å koma seg fram, men no var tida inne for utskifting av desse. Fylkesmannen i Aust-Agder er forvaltingsmyndigheit for verneområdet. I samarbeid med grunneigarar, håndverkarar og Statens naturoppsyn, er no to nye hengebruer på plass i reservatet.
Tiltaket er finansiert av statlege midlar, og kunstsmed Steven Carpenter og ingeniør Terje Murberg frå Birkenes har samarbeidd om oppdraget. Resultatet er to solide bruer som dei fleste bør vera komfortable med å bruke. Kjerneved av lokal eik er bruka som materiale; eit miljøvennleg alternativ som forhåpentleg vil gje varige bruer til glede og nytte for gåande i mange år.
Oppmodinga er derfor klar; ta turen til Rjukanfossen, og ikkje gløym å nytte sjansen til å oppleve villmarka som resten av Årdalen naturreservat har å by på.
Her kan du sjå den tidlegare brua:
Og her er den nye brua: