Opptak av webinar om kunnskapsgrunnlag for jordvern
Kartløysinga Kilden – arealinformasjon, databasar og statistikk – nyttig i kommunane sitt arbeid med arealforvaltning.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I november 2021 arrangerte NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) to webinar om kunnskapsgrunnlaget for jordvern saman med Statsforvaltaren i Agder og Statsforvaltaren i Rogaland. Tema for webinara var NIBIO si kartløysing Kilden med arealinformasjon, databasar og statistikk som er nyttig for kommunane sitt arbeid med jordvern i arealforvaltninga.
Det blei ein god deltaking på webinara, som passa for både tilsette i kommunen og alle som er engasjert i arealforvaltning. For interesserte som ikkje fekk deltatt, er vi glade for å kunne tilby webinara i opptak (sjå lenker under).
Del 1: Kva er AR5, arealbarometer, Kilden med meir?
Tema:
- arealressurskartet AR5 og kva som kjenneteiknar dei ulike typane dyrka jord
- vurdering av jordkvalitet i område som ikkje er jordmonnkartlagt ved bruk av klimasoner og og eigenskaper i AR5
- dyrkbar jord og aspekt ved nydyrking
- måling av faktisk nedbygd jordbruksareal og omdisponeringstala
- arealbarometer, statistikk for produksjonsgrunnlaget for jordbruk på kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå
- demonstrasjon av kartløysinga Kilden til arealinformasjon og verktøya
Sjå del 1 av webinaret i opptak på YouTube
Del 2: Korleis nyttegjere seg av jordsmonnskart?
Tema:
- jordmonnkart for kommunar kor dette er utarbeida
- bruk av jordsmonnkart for verdsetting av jord når jordressursen skal vegast opp mot andre omsyn
- praktisk bruk av jordsmonnkart i arealplanlegginga
- jordmonndanning og jordeigenskaper
- jordvern i eit langsiktig perspektiv