Nettseminar: Næringsutvikling i landbruket
- Dato:
 - 20. februar 2025 09:30 - 11:00
 - Sted:
 - Digitalt via Teams
 - Arrangør:
 - Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge
 - Målgruppe:
 - Tilsette i kommunal landbruksforvaltning og andre interesserte
 - Påmeldingsfrist:
 - 18. februar 2025 23:59
 
Gjennom fire nettseminar i 2025 ønsker vi å skape ein møteplass for fagleg påfyll, inspirasjon og styrking av nettverk. Første seminar kjem 20. februar.
Det skjer mye spennande innan næringsutvikling i landbruket. Kommunane i Innlandet er involvert i ulike prosjekt og tiltak, og det same gjeld for fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren. Målet med nettseminara er nettopp at vi møtast for å høyre kva som skjer og dele med kvarandre, slik at vi får påfyll og inspirasjon til å halde fram med å utvikle landbruket vårt.
Det er planlagt fire nettseminar i 2025, og noter deg gjerne desse datoane alt nå:
- Torsdag 20. februar kl. 09.30-11.00
 - Torsdag 24. april kl. 09.30-11.00
 - Torsdag 28. august kl. 09.30-11.00
 - November, dato ikkje klar, kl. 09.30-11.00
 
Tema og program bli publisert eit par veker i forkant av kvart nettseminar.
Vi sender lenke pr. e-post for å delta på nettseminaret til alle påmeldte seinast dagen i forvegen.
- Dato:
 - 20. februar 2025 09:30 - 11:00
 - Sted:
 - Digitalt via Teams
 - Arrangør:
 - Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge
 - Målgruppe:
 - Tilsette i kommunal landbruksforvaltning og andre interesserte
 - Påmeldingsfrist:
 - 18. februar 2025 23:59