Tilrettelegging for fuglar i jordbruksområde
Frå 2023 kan gardbrukarar få regionale miljøtilskott for å leggja til rette for fuglar som hekker eller beiter på og inntil jordbruksareal. Du må ha gjort avtale med Statsforvalteren om tiltaket før du kan søke tilskott.
Det er spesielt artane vipe, songlerke, åkerrikse og storspove som er aktuelle. Dei står på den norske rødlista som truga, men tiltaka kan vera til nytte og for andre artar. Tiltaka kan bli gjennomførte i samband med våronna eller dei kan bli gjort "på sparket" når ein oppdagar (mogleg) hekking i sesongen. Desse hovudtypene av tiltak er aktuelle:
- areal som ikkje blir jordarbeidd, sådd til og/eller hausta i den normal avlingssesongen, men får stå urørte som hekke- eller beiteområde
- utsett hausting eller gjødsling av areal der det er konstatert (mogleg) hekking av trua/sårbare artar
- små flekkar/ruter spreidd i åkeren som ein ikkje sår til eller ikkje haustar fordi det er konstatert eller er sannsynlig at det er hekking
- lokalisering og vern av reir, eventuelt flytting av fugleungar til ein trygg stad
Søknadsfrist og satsar for regionale miljøtilskott til fugletiltak
Sjølve avtalen må bli gjort i løpet av sesongen, og før ein sender inn søknaden om regionalt miljøtilskott. Søknadsfristen er 15. oktober kvart år.
Det er to tilskottssatsar. Satsen for "høy tilrettelegging" gjeld tiltak i det første punktet ovanfor. Tilskottet skal mellom anna kompensere for at ein misser det ordinære arealtilskottet og ikkje får hausta avling på arealet. Satsen for "lav tilrettelegging" gjeld dei andre punkta, og føresetnaden her er at det kan bli hausta ei nyttbar, men kanskje redusert avling på arealet.
Ein kan få tilskott til maksimalt 10 daa for kvar av desse satsane, altså maksimalt for 20 daa om ein kombinerer fleire tiltak. Arealet må vera fastsett i avtalen med Statsforvaltaren. Statsforvaltaren avgjer om det er aktuelt å inngå avtale om tiltak ut frå ei vurdering av kor sannsynleg det er at tiltaket vil ha effekt, spesielt for dei sårbare og trua artane. Tilrådinger frå fuglekyndige fagpersonar er viktig i denne samanhengen.
Avtalar og fagleg bistand
Vi har laga eit standardskjema for slike avtalar om tiltak. Dette skal fyllast ut med dei nødvendige opplysningane om tiltaket/tiltaka Statsforvaltaren og gardbrukaren har blitt samde om. Skjemaet kan ein laste ned på denne sida, og det kan fyllast ut elektronisk eller på papir. Avtalen skal leggast ved søknaden om regionale miljøtilskott.
Om du synest dette er aktuelt for deg, kan du kontakte ein av dei oppgitte kontaktpersonane hos oss. Lokale fuglekjennarar i organisasjonen BirdLife kan og vera til hjelp med å vurdere og tilrå kva tiltak som er aktuelle. Kontaktpersonar er:
Oppland: Anne Gri Henriksen, E-post: Anne-Gri@dokkadeltaet.no / Mobil: 90 66 65 16
Hedmark: Per Nøkleby, E-post: pnoekleb@online.no / Mobil: 905 99 625
Kva slag tiltak er aktuelle? Nokre eksempel
"Høg tilrettelegging": Tiltak som fører til heilt eller delvis bortfall av avling på arealet eller mye ekstra arbeid, og at areal- og kulturlandskapstilskottet fell bort. Moglege tiltak:
- Setta att små areal fuktig («vassjuk») åkermark (til ca. 1. august). Utan unntak finn vi viper i område med tilgong til fuktig mark som dekker ungane sine fyrste behov for oppvekstvilkår. Storleiken bør vera minst 2 daa for dette og det følgjande tiltaket. Slike fuktige område kan og vera gunstige for andre artar.
- Setta at udyrka «vipestriper» på åkermark til ca. 1. august. Areal med mye bar jord eller glissen vegetasjon er gunstige for hekking og næringssøk dersom dei blir plassert på riktig stad, jf. føregåande punkt.
- Utsetting av slått til ca. 1. august. Dette gjeld spesielt for åkerrikse, som kjem til landet og eventuelt hekkar mye seinare enn vipa. Åkerriksa lever skjult, og det er veldig vanskeleg å leite opp og bestemme plasseringa av reir eller ungar, så utsetting av slåtten til etter at ungane er store er det realistiske alternativet.
"Lav tilrettelegging": Tiltak som gir ein begrensa reduksjon av avling eller som fører med seg ekstra arbeid. Moglege tiltak:
- Vern av reir (fram til ca. 15. juni). Vipereir er som regel nokså lette å lokalisere, og dei fleste mislykka hekkingane skjer ved at reir blir ødelagte ved drift av arealet. Dersom reira blir søkt opp og eit mindre areal rundt dei blir sett att ved slått og heller ikke blir gjødsla eller sprøyta, tyder det mye for å få fram ungar.
- Flytting av vipeungar fra eng etter slåtten, før gjødsling. Ei nyslått eng er som ein magnet for viper på næringssøk med ungane. Dei velgjer helst kornåkrar av haustsådd eller vårsådd korn eller haustpløgd mark som hekkeområde, men søker ut av område med høg og tett vegetasjon på næringssøk. Utfordringa kjem når nyslått eng blir gjødsla med blautgjødsel etter slåtten, spesielt med slepeslange. Det er gode erfaringar med å oppsøke og flytte ungar til trygt areal, men tid- og arbeidskrevande.
- Utsett slått (til ca. 1. juli). Aktuelt i område som ein veit er viktige for storspove, vipe eller sanglerke. Kan og vera eit alternativ i tilfelle der lokalisering og/eller flytting av reir eller ungar ikkje er aktuelt.
- «Lerkeruter». Dette tyder at småflekkar (ca. 10-25 m2) i åker ikkje blir sådd til saman med resten av arealet, men legg ellers ikkje begrensningar på drifta. Dette vil fungere som hekkeområde for songlerke, men kan og vera gode areal for næringssøk for gulsporv og andre sporvefuglar. Bør helst etablerast på store og opne kornåkrar og på stader der det hekker eller har hekka songlerke. Som eit minimum bør det vera tre slike ruter pr. dekar som ein gjer avtale om og får tilskott for.