Det er kommunen som skal sørge for at det finnes et tilbud om krisesenter for alle som trenger det. Kommunen skal også sørge for at krisesenteret oppfyller kravene i krisesenterloven. Formålet med denne loven er å sikre at det finnes et godt tilbud til kvinner, menn og barn som er utsatt for vold eller trusler om vold fra noen som står dem nær.
- Et krisesenter er et tilbud om et midlertidig sted å bo. Det skal være gratis, døgnåpent og tilgjengelig hele året.
- Tilbudet skal være tilrettelagt for hver enkelt bruker.
- Krisesenteret og andre offentlige tjenester skal være samordnet og gi brukeren helhetlig oppfølging.
- De som har bodd i krisesenter, skal få tilbud om oppfølging etter at de har flyttet ut.
Krisesenterloven pålegger kommunen å føre internkontroll med at krisesenteret og den virksomheten krisesentertilbudet omfatter, er i samsvar med gjeldende regelverk.
Statsforvalterens ansvar
Statsforvalteren fører tilsyn med at kommunen følger opp oppgavene sine etter bestemmelsene i krisesenterloven. Statsforvalterens tilsyn retter seg mot kommunen, ikke det enkelte krisesenteret.
Eit krisesenter er ein institusjon som tek imot personar som er utsette for vald i nære relasjonar.
Det er kommunen som skal sørgje for at det finst eit tilbod om krisesenter for alle som treng det. Kommunen skal òg sørgje for at krisesenteret oppfyller krava i krisesenterlova. Formålet med denne lova er å sikre at det finst eit godt tilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald frå nokon som står dei nær.
Eit krisesenter er eit tilbod om ein mellombels stad å bu. Det skal vere gratis, døgnope og tilgjengeleg heile året. Tilbodet skal vere tilrettelagt for kvar enkelt brukar.
Kommunen skal sørgje for at krisesentertilbodet samarbeider med andre delar av tenesteapparatet dersom det er nødvendig for å gi brukaren eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.
Ved behov skal kommunen bestemme kva for ein kommunal tenesteytar som skal vareta samordninga. Dersom det er oppnemnd barnekoordinator etter helse- og omsorgstenesteloven § 7-2 a, skal koordinatoren sørgje for samordning av tenestetilbodet.
Dei som har budd i krisesenter, skal få tilbod om oppfølging etter at dei har flytta ut. Kommunen skal, i tillegg til å følgje opp einskilde brukarar, sørgje for at krisesentertilbodet samarbeider med andre delar av tenesteapparatet slik at krisesentertilbodet og dei andre tenestene kan ivareta sine oppgåver etter lov og forskrift.
Krisesenterlova pålegg kommunen å føre internkontroll med at krisesenteret og den verksemda krisesentertilbodet omfattar, er i samsvar med gjeldande regelverk.
Statsforvaltarens ansvar
Statsforvaltaren fører tilsyn med at kommunen følgjer opp oppgåvene sine etter føresegnene i krisesenterlova. Tilsyna våre rettar seg mot kommunen, ikkje det enkelte krisesenteret.