Søkjer etter verjer og representantar
Som representant for einslege mindreårige asylsøkjarar er oppgåva å ivareta den mindreårige sine interesser i asylsaka, ta hand om deira rettar og behov, og elles utføre oppgåvene som ligg til ei verje.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kvar dag kjem det einslege mindreårige asylsøkjarar til Noreg. Den vanlege oppgåva som verje er å forvalte økonomiske midlar for personen under verjemål. I nokre tilfelle skal ei verje også ivareta interesser på andre personlege område.
Kva er ein representant?
Ein representant til einslege mindreårige asylsøkjarar er ein juridisk erstattar for foreldra. Ein representant har ikkje den daglege omsorga, men skal syte for at barnet blir teken vare på av den instansen som er ansvarleg for å tilby omsorg. Vidare skal representanten hjelpe den mindreårige i samband med asylsaka. Det kan mellom anna vere å delta på samtalar med utlendingsstyresmakter, sikre at barnet får rett til skule, helsetenester og andre rettar barnet har krav på.
Vervet krev at du er eit medmenneske, samstundes som du skal sikre at rettane blir ivaretekne. Ei slik rolle krev mykje av den enkelte, og det er ikkje alle som passar til å ta slike oppdrag. Du må dessutan ha god kunnskap om det norske samfunnet og det norske språket, og du må kunne orientere deg i det offentlege systemet. Det er Fylkesmannen som vurderer om du tilfredsstiller krava til å bli representant, og som tilbyr nødvendig opplæring, rettleiing og hjelp til representantane i sitt distrikt. Som representant får du godtgjering etter faste satsar.
Ulike typar oppdrag
Nokre fylkesmenn treng også verjer for andre enn einslege mindreårige asylsøkjarar. Du kan vere verje for vaksne personar eller for mindreårige. Det er mogleg å ta på seg fleire oppdrag. Du må grunngje kvifor du ønskjer oppdrag som verje og/eller representant.
Ta kontakt med Fylkesmannen i ditt distrikt for å finne ut om det er behov for representantar og/eller verjer der du bur.