Kronprinsen vitja Fjærland
D.H.K Kronprinsen var til stades ved 25-årsjubileet til Norsk Bremuseum i dag. Han fekk med seg Bøyabreen på nært hald, og møtte elevar frå Firda vidaregåande skule.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I 1991 opna dronning Sonja Norsk Bremuseum, og i dag var Kronprins Haakon til stades ved 25-årsjubileet.
Kronprinsen var først framme ved Bøyabreen, der elevar og lærarar frå Firda vidaregåande skule presenterte prosjektet "Grøn skule".
Dekan Stein Joar Hegland frå Høgskulen i Sogn og Fjordane orienterte om det nye studiet «Master in Climate Change Management», medan direktør Merete Lunde ved Vestlandsforsking fortalde Kronprinsen om jobbinga med klimatilpassing i fylket.
Seinare var det folkefest ved bremuseet, der Kronprinsen fekk omvisning i utstillinga før han deltok på klimaseminar.