Vrakpant på fleire typar køyrety
I 2018 får du vrakpant for motorsyklar, mopedar, lastebilar, bubilar og campingvogner. Biloppsamlarar får driftstøtte for å motta desse køyretya.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 08.01.2018
Køyretyet skal leverast til ein godkjent biloppsamlar på same måten som ved vraking av bilar.
Biloppsamlarar har ikkje plikt til å ta imot dei køyretya det no er innført vrakpant for. Ring difor biloppsamlaren og sjekk på førehand.
Det vert utbetalt følgande beløp ved vraking:
- Lastebilar: 5000 kroner
- Mopedar, lette og tunge motorsyklar: 500 kroner
- Campingvogner og bubilar: 3000 kroner
- Den ordinære vrakpanten på 3000 kroner for personbilar, varebilar og enkelte andre køyrety vert videreført.
Meir informasjon hos Miljødirektoratet.