Kompetansesatsing på dei sosiale tenestene i Nav
Alle Nav-kontor har fått tilgang til nytt kompetansemateriell om sosiale tenester. Materiellet er utvikla i samarbeid mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og statsforvaltarar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det nye materiellet er eit illustrert foredrag om formålet med sosialtenestelova, som er utvikla i samarbeid med OsloMet. Det kan også vere interessant for fleire. Du kan sjå foredraget på Nav.no.
Vi har også laga ein film om eit ungt menneskes første møte med Nav. Foredraget kan brukast i samanheng med filmen. Filmen er publisert på Navs intranett.
Set dei sosiale tenestene på kartet
Kompetansemateriellet vart utarbeidd på bakgrunn av at Nav-tilsette ønskte meir kompetanse om forvaltning, kartlegging, individuelle vurderingar og kva formålsparagrafen i sosialtenestelova betyr for vurderingane som tilseltte skal gjere. Forsking og tilsyn viser også at dette kan vere utfordrande tema i praktisering av sosialtenestelova.
Vi håpar at materiellet fører til refleksjon kring eigen praksis og praksis i det lokale Nav-kontoret. Vidare er det eit mål å setje dei sosiale tenester meir på kartet i Nav, og føre til at føresegnene i Nav-lova og sosialtenestelova blir brukt i større grad.
Verkemiddel for å motverke utanforskap
Sosialstønad er sikkerheitsnettet til innbyggjarane, og eit viktig verkemiddel for å motvirke fattigdom og utanforskap. Lova skal sikre sosial inkludering og førebygge sosiale problem. Det er eit mål at alle i Nav-kontoret kjenner formålet med og innhaldet i sosialtenestelova. Det nye materiellet kan gjerne kan drøftast på tvers i kontoret og på tvers av fagområde eller tenester.
Dei sosiale tenestene skal vere tilgjengelege for alle. Det er derfor viktig at alle som jobbar i Nav, har tilstrekkeleg kompetanse til å gje informasjon om lova og til å identifisere behov for sosiale tenester. Leiarane må sikre at tilsette har kompetansen som krevst for at brukarane skal få sine rettar. Det er viktig å ta hand om behova til brukaren og å fremje brukarmedverknad.
Det er statsforvaltarane i Vestland, Innlandet, Troms og Finnmark, Oslo og Viken, Møre og Romsdal og Trøndelag som deltek i utviklinga av dei sosiale tenestene, saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet.