Skogbruk

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 19.12.2023

Stor gevinst med rett hogsttidspunkt

Det er store gevinstar for både skogeigar og klimaet med å vente med hogst til skogen har fått med seg åra med best tilvekst.  


Publisert 06.09.2023

Presentasjoner frå seminar "Skog kjelde til klimavennleg verdiskaping" Sand 25. mai 2023

Her finn du foredraga frå seminaret "Skog kjelde til klimavennleg verdiskaping på Sand og kulturhuset i Suldal den 25. mai 2023.

 


Publisert 31.08.2023

Bør du plante rett etter hogst eller vente 3 år?

I en mindre undersøkelse utført av Statsforvalteren i Rogaland ble 16 hogst- og plantefelt i Vindafjord kommune kartlagt. Undersøkelsen viser at det ikke er grunn til å utsette plantetidspunktet. Derimot viser etterkontrollen relativt store behov for supplering og oppfølging med ungskogpleie.


Publisert 08.03.2023

Ny melding om kystskogbruket er vedtatt

Melding om Kystskogbruket 2022 er no vedtatt i alle 7 kystfylka frå Agder til Finnmark. Visjonen er at kystskogbruket skal vere ein viktig bidragsytar for å oppnå berekraftsmåla og det grøne skiftet. For 2023 har kystfylka 6 millionar kroner til tiltak for å utvikle skognæringa langs kysten.


Publisert 17.02.2023

Vindafjord viser veg på utnytting av fornybare og lokale skogressursar

Skog og landbrukskommunen Vindafjord går for flisfyring i Nedre Vats og skal dekke oppvarmingsbehov til Vindafjordtunet, symjehall, bygdehus og Vats skule.


Publisert 16.12.2022

Suldal har fått ridekatedral i tre

På Lunde i Suldal er det nyleg bygd ny ridehall med kortreist tømmer frå Vikedal. Byggemetoden som er brukt er sjeldan, her finn vi over 50 takstolar med spenn på 25 meter. Det er fortent og gledeleg at Mina og Njål Lunde fekk nybyggprisen 2022 i Suldal for dette flotte bygget.


Publisert 24.06.2022

Store beiteskadar av hjort i skog

Ny rapport frå NIBIO viser store skader både i plantefelt og yngre produksjonsskog. I tillegg kjem store skadar på eng. Summen blir store økonomiske tap for grunneigarane.


Publisert 02.06.2022

Ny melding om kystskogbruket er klar for politisk behandling

Fylkeskommunane frå Agder til Finnmark har utarbeidd ei ny melding om kystskogbruket 2022, med mål og strategiar for å utvikle potensialet i skog- og trenæringa langs kysten. Meldinga har nyleg vore på høyring. Mange gode innspel er tatt med i meldinga som no ligg til politisk behandling i alle fylkeskommunane. 


Publisert 19.05.2022

Resultat frå 100 år gamle produksjonsforsøk i skog

Etter 100 år viser skogen svært god produksjon og utvikling for enkelte treslag og provenienser. Granartane og spesielt sitkagran visar overlegen produksjon og CO2-binding.


Publisert 09.05.2022

Felles retningsliner for tilskot til skogsvegar er nyleg revidert

Statsforvaltaren har i samarbeid med kommunane og skognæringa utarbeidd felles retningsliner for prioritering av tilskot og rutinar for saksbehandling gjeldande frå 01.01.2022.


Skogbruk i Rogaland

Statsforvaltaren i Rogaland gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.
 
To viktig mål er å medverke til at me har ein infrastruktur som sikrar ein effektiv og lønnsam hogst samtidig som ein omsyn til miljøet, og at skogen blir tilfredsstillande forynga etter hogst. Me er også ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi.