Ny forskrift om individuell plan
«Forskrift om individuell plan ved ytelse av velferdstjenester» tok til å gjelde 1. august 2022.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tenestemottakarar med behov for langvarige og koordinerte tenester, og deltakarar i kvalifiseringsprogram etter sosialtenestelova, har rett til individuell plan. Den nye forskrifta gjeld individuelle planar etter desse lovene:
- sosialtenestelova
- NAV-lova
- helse- og omsorgstenestelova
- spesialisthelsetenestelova
- psykisk helsevernlova
- pasient- og brukarrettigheitslova
- barnevernlova
Det er fleire formål med å utarbeide og bruke individuelle planar. Blant anna er det å bidra til at tenestemottakarar får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod, og å sikre at det til ei kvar tid er éin tenesteytar som har hovudansvaret for oppfølginga av ein tenestemottakar. Eit anna formål er å kartlegge tenestemottakarens mål, ressursar og behov for ulike tenester, og å styrke samhandlinga mellom tenesteytarane, tenestemottakaren og eventuelle pårørande.
Forskrifta seier også kva ein individuell plan skal innehalde, og avklarar ansvarsforhold mellom dei ulike tenestene og kva for andre tenester som har plikt til å medverke i arbeidet.