Varsling til elevar og foreldre på e-post eller læringsplattformer
Skolen skal varsla elevane og foreldra om eleven står i fare for å ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i fag, eller nedsett karakter i orden eller åtferd, jf. forskrift til opplæringslova § 3-8.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Varselet skal vera skriftleg. Dette skal sikra at innhaldet i varselet blir tydeleg og forståeleg, og det gir moglegheit til å etterprøve/kontrollere dersom det seinare skulle oppstå usemje om varselet og innhald i dette. Kravet til at det skal vere skriftleg, inneber normalt at varsel må givast som brev.
Det er og mogleg å varsla via eit informasjonssystem eller digitale læringsplattformer, men desse må oppfylla krava til eit eigna informasjonssystem etter Forvaltningsforskriften.
Sjå meir om varsling via e-post og læringsplattformer i tolkningsuttalelse på Udir.no.
Dette gjeld forskrift til opplæringslova § 3-8. Varsling og forskrift til friskoleloven § 3-8. Varsling samt avgjerd i Forvaltningsloven og Forskrift om elektronisk kommunikasjon med og i forvaltningen (eForvaltningsforskriften).
Kontaktpersoner
-
Kristine Sti
Tlf: 33 37 24 38 -
Petter Andersen
Tlf: 33 37 24 32 / 95 78 86 95