Nominasjon til Dronning Sonjas skolepris 2023
Nominasjonsprosessen krev ein innsats frå skoleleiinga i kommunane for å identifisere kandidatar blant grunnskolane, og tilsvarande frå fylkeskommunen når det gjeld aktuelle vidaregåande skolar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dronning Sonjas skolepris blir annakvart år delt ut til ein skole som merkjer seg ved å praktisera likeverd og inkludering på ein fullverdig måte.
Det å nominere skolar er med på å gjere gode skolar synlege, og gje dei ei anerkjenning for arbeidet.
Utdanningsdirektoratet har laga filmar om Dronning Sonjas skolepris. Filmane kan nyttast fritt, du finner lenke på denne sida.
For å gjere det enklare å vurdere dei ulike kandidatane, har Utdanningsdirektoratet laga eit skjema som skolane kan bruke når de omtalar korleis de arbeider med likeverd og inkludering. Skjemaet finner du på lenka til Utdanningsdirektoratet.
Frist for innsending av kandidatar
Frist for å sende inn forslag om skole og relevant dokumentasjon til Statsforvaltaren er måndag 28. august.
Vinnarskolen får 250 000 kroner og eit kunstverk utforma av Dronningen. Etter planen vert prisen delt ut av Hennar Majestet Dronning Sonja på vinnarskolen 30. november.