Om privat heimeopplæring

I inneverande skuleår er det 38 barn i Vestfold og Telemark fylke som får privat heimeopplæring. Dette inneber at foreldra underviser barna sine heime. Kommunen har plikt til å føre tilsyn med at barnet får opplæring tilsvarande den offentlege skulen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.02.2023

Rett til heimeundervisning


Alle foreldre har rett til å undervise eigne barn sjølv. Retten til opplæring i heimen gjeld grunnskuleopplæring, frå det kalenderåret barnet fyller seks år og til det har fullført det tiande året. Barnet må vere busett i Noreg.

Foreldre treng ikkje søke kommunen om godkjenning for å drive privat heimeundervisning.

Krav til undervisninga


Barn og unge som får opplæring i heimen har rett til å tileigne seg tilsvarande kunnskapar som i den offentlege skulen. Privat heimeundervisning er difor i utgangspunktet omfatta av dei same lovreglane når det gjeld føremål og innhald som opplæringa i den offentlege grunnskulen. Dette betyr at læreplanverket skal følgjast. Foreldra treng ikkje ha lærarkompetanse, men dei må ha nødvendige føresetnader for å drive opplæring. Det er opp til kommunane å avgjere gjennom tilsyn om foreldra er tilstrekkeleg kvalifiserte.

Tilsyn


Kommunane har rett, men òg ei plikt til å føre tilsyn med privat heimeundervisning. Det er ikkje reglar for korleis tilsyna skal gjennomførast, og det er opp til kvar enkelt kommune å utarbeide rutinar for gjennomføring av slike tilsyn. Kommunen må gjennomføre tilsynet på ein slik måte at ein ser til at barnet får opplæring tilsvarande den offentlege grunnskuleopplæringa.

Om det er tvil om heimeundervisninga er tilfredsstillande, kan kommunen kalle barnet inn til særskilde prøvar. Om skulen kjem fram til at krava til heimeundervisninga ikkje er oppfylte, skal kommunen krevje at barnet eller den unge skal gå i den offentlege skulen.

Om foreldresamarbeid


Tilsynet skal skje i samarbeid med foreldra. Foreldra har òg plikt til å samarbeide med kommunen på ein slik måte at det blir mogleg å gjennomføre tilsyn. Om dette ikkje er tilfelle, kan kommunen krevje at barnet skal gå i den offentlege skulen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.