Viktig at kommunane ivaretek behova til utviklingshemma
Kommunane har ikkje høve til å forby besøk og liknande i heimane til personar med utviklingshemming.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Helsedirektoratet minner om at begrensning i besøk i private heimar, til dømes leiligheiter som personar med utviklingshemming leier i eit bufellesskap, må skje frivillig og i dialog med tenestemottakaren og eventuelle pårørande.
Helsedirektoratet har laga anbefalingar om dette, sjå rettleiar under avsnittet om smittevern i tenester til personar med utviklingshemming på deira nettstad.
Kommunane må og gjere individuelle vurderingar av den einskilde pasient eller brukar sitt tenestebehov, blant anna for omsorg, avlastningstiltak og assistanse i den perioden andre tilbod er stengt.
Helsedirektoratet har gjeve anbefalingar om dette i rettleiaren under avsnittet om at kommunen må ha ein plan for heimeboande i ulike faser av covid-19 epidemien.