Kviteseid ut av ROBEK
Statsforvaltaren har bedt Kommunal- og distriktsdepartementet om å melde Kviteseid kommune ut av ROBEK.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
- Vi vurderer likevel den økonomiske situasjonen i kommunen som utfordrande, seier assisterande statsforvaltar Fred-Ivar Syrstad.
Kommunen blei meldt inn i ROBEK for ett år sidan, fordi dei vedtok årsbudsjettet for 2021 og økonomiplanen fram til 2024 med meirforbruk.
Statsforvaltaren har no lovlegkontrollert kommunestyret sitt vedtak frå desember om årsbudsjett 2022 og økonomiplan til 2025. Både budsjettet og økonomiplanen er i balanse. Kommunen kan dermed meldast ut av ROBEK. Det betyr at statsforvaltaren ikkje lenger må lovlegkontrollere kommunen sine vedtak om årsbudsjett.
- Vi har gått gjennom vedtaket og kontrollert at budsjettet og økonomiplanen ikkje bryt med kommunelova. Vi vurderer likevel at det kan bli krevjande for kommunen å følgje opp det vedtatte budsjettet. Dersom det skulle vise seg at det ikkje lar seg gjere, må kommunen justere budsjettet så raskt dei kan, seier Syrstad.
ROBEK står for register om betinga godkjenning og kontroll, og er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar.