Areal ute av drift - oppstart av registrering i kommunane

Dato:
29. april 2021 12:00 - 14:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Målgruppe:
Kommunal landbruksforvalting i Vestfold og Telemark
Påmeldingsfrist:
27. april 2021 09:00

Vi inviterer til samling 29. april kl. 12 – 14.00 om prosjektet Areal ute av drift og oppstart av registrering i kommunane.

Publisert 07.04.2021

Vi syner til satsinga om oppfølging av areal ute av drift i NIBIO sitt kartverktøy. Kommunane har ansvaret for å følgje opp at areal vert drive etter jordlova. Areal som kjem fram som utanfor drift må følgast opp. Kommunane er kjent med at Statsforvaltaren har arbeidd med eit verktøy saman med NIBIO for å klassifisere desse areala og gje naudsynt oppfølging for kommunane. Målet er at ein saman skal få betre kartleggingssystem og rettleiing for å arbeide i dei einskilde jordbruksområda.

Møtet vil følgast opp med arbeidsmøte i kommunane med hjelp til å registrere og kome i gang med arbeidet.

Vi treng innsats frå alle kommunane i dette arbeidet, og vi ventar deltaking frå alle kommunane i påmeldinga.

 

Program for samlinga

  • Velkommen til oppstart i kommunane
  • Prosjektet "Areal ute av drift"
    • Milepelar og mål for arbeidet
    • Korleis klassifisere og jobbe i NIBIO si GIS-løysing
    • Digitale arbeidsrom
  • Pilotkommunane sine erfaringar – Vinje, Seljord og Horten
  • Drivepliktprosjektet i Troms og Finnmark – Liv-Edel Berg, Statsforvaltaren i Troms og Finnmark
  • Kva skjer nå?
Dato:
29. april 2021 12:00 - 14:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Målgruppe:
Kommunal landbruksforvalting i Vestfold og Telemark
Påmeldingsfrist:
27. april 2021 09:00