Julehelsing

Snart er 2021 historie, sola snur om nokre få dagar og vi ser slutten på eit ganske uvanleg år. For oss som arbeider i landbruksforvaltninga er kanskje det mest uvanlege at det vanlege har blitt uvanleg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.12.2021

 I 2018 tok tørkesommaren oss tidleg på året, med brunsvidd åker og eng. Så kom skogbrannane i tur og orden. Faktisk så omfattande at 15 – 20 helikopter var i arbeid samtidig. Både jord- og skognæring fekk store utfordringar, og kommunal landbruksforvaltning fekk trykket etter kvart.

2019 vart hakket betre, men etterdønningar etter tørken i 2018 og ein svært regnfull haust gjorde sitt. Kommunal landbruksforvaltning jobba trufast vidare utan aning om det som var under oppsegling i Kina. Så kom 12. mars

2020 med full nedstenging av samfunnet. Covid -19 var i gang og skapte nye utfordringar samstundes som våt og tung snø førde til mengder av topp-brekk i skogen. Mangel på arbeidskraft i grøntnæringa og granbarkbillenes inntogsmars sette sitt preg sommaren 2020. Kommunal landbruksforvaltning møtte det heile; fortvila bønder og skogbrukarar som søkte råd og hjelp. Og bakanfor muterte covid- 19 og skapte nye bølger med nedstenging. Året 2021 starta opp med utfrysing av frukttre, arbeidskraftmangel om lag som året før, aukande billeskader i skogen og til slutt ein hauststorm som la nedpå 50 – 100 000 kbm tømmer. Og som vanleg er; Alt dette skjer i kommunane og det er i fyrste rekke kommunane som får alt i fanget.

Eg vil med dette rette ein stor takk til alle som arbeider med landbruket rundt i kommunane våre. All den bistand, rettleiing og hjelp som blir gjeven er gull verdt for dei menneska det gjeld og for utviklinga i ei svært viktig næring. Enda ein gong, hjarteleg takk for innsatsen og det gode samarbeidet vi har med dykk, og ikkje minst ei flott kommunesamling.

Til slutt vil eg også takke for meg som landbruksdirektør i eit veldig flott fylke. Eg avsluttar som eg starta med håpet om eit uvanleg vanleg år for landbruket i 2022.

Ei rektig god jul og godt nytt år til alle

 

Helge Nymoen

Landbruksdirektør

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.