Kompetansesamlingar hausten 2021 – vi ønsker forslag på tema og form

Sjølv om det enno er sommar, går det raskt mot haust og ein kvardag med høgt tempo og faglege utfordringar. Vi er i gang med å planleggje kompetansesamlingar for den kommunale landbruksforvaltninga denne hausten. Vi vil gjerne ha tilbakemelding frå dykk om både aktuelle tema og type samling innan fredag 20. august

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.08.2021

Det er viktig for oss å få vete kva for tema og problemstillingar de tenker er viktige og aktuelle. Siste året har samlingane i stor grad vore digitale. Det ser no ut som at samfunnet opnar meir, og det kan gi rom for fleire fysiske samlingar der smittevernet er ivareteke. Men kva for ønskjer har de med tanke på type samlingar – fysiske eller digitale? Det er også mogleg med kombinasjonar, men dette fordrar godt teknisk møteromsutstyr som det ikkje er alle stader.

Vi vil gjerne ha tilbakemelding frå dykk om både aktuelle tema og type samling innan fredag 20. august. Send tilbakemeldingane til fmtembr@statsforvalteren.no

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.