Infoskriv nr. 14/2021 - uke 16
- Informasjon om arbeidskraft
- Oppdatert statistikk for omdisponering av jord
- Webinar - Kunnskapsgrunnlag jordvern
- Mal for risikobasert kontrollplan er oppdatert
- Nasjonal kulturlandskapspris
- Oppdatert statistikk for produksjonstilskot
- Gårdskart aktuelt, utgåve 2-21
Informasjon om arbeidskraft
Vi ønsker å gi dykk ei lita oppdatering på kva som skjer rundt arbeidskraft i landbruket.
Oppdatert statistikk for omdisponering av jord
Dei førebelse tala for omdisponering av dyrka og dyrkbar jord i 2020 er lagt inn i statistikken som ligg til høgre under Dokumenter på nettsida Jordvern hos Statsforvaltaren.
Webinar - Kunnskapsgrunnlag jordvern
NIBIO vil halde kurs om kartgrunnlaget i arealplanlegginga 6. mai og 11. mai frå kl. 9.00- 11.00. Dei vil gå gjennom ulike temakart som er nyttig å kjenne til, og bruken av desse for kommunane si plan- og landbruksforvalting. Påmeldingslink her:
Mal for risikobasert kontrollplan er oppdatert
Eit dokument det er påkravd for alle kommunar å ha, er risikobasert kontrollplan for produksjonstilskot. Planen skal vere oppdatert for kvar søknadsdel. Kommunen må ha ny plan for kvart søknadsår.
Nasjonal kulturlandskapspris
Du kan nå kome med forslag til kandidatar til Den nasjonale kulturlandskapsprisen for 2021. Kandidatane må ha gjort ein spesiell innsats for å take vare på og utvikle kulturlandskapa våre. Frist til å melde inn kandidatar er 1. mai 2021
Oppdatert statistikk for produksjonstilskot
Presentasjonen «Jordbruksproduksjon» er oppdatert med endelege data for 2020. Presentasjonen er ei excelfil som er lagt ut til høgre på nettsida Jordbruk. Ho viser utviklingstrekk i produksjonane dei siste 20 åra, verdiskaping gjennom førstehandsverdiar, samanlikning mellom kommunane mm. Det er data for alle kommunane i landet.
Gårdskart aktuelt, utgåve 2-21
Gårdskart-aktuelt er no ute på nettsida til NIBIO