Infoskriv nr. 22/2021 - uke 25
- Oppdaterte tal for nedbygging av jordbruksareal i fylket i 2020
- Oppdateringar og endringar i Agros
- Kven gjer kva i landbruksavdelinga
- Informasjon om regelverket om nydyrking av myr
- Ingen utbetalingar i fagsystema i veke 29 og 30
- Redusert utbetaling av skogfond i sommar
Oppdaterte tal for nedbygging av jordbruksareal i fylket i 2020
Den ferske statistikken er presentert gjennom KOSTRA, dei førebelse tala frå mars vart stadfesta 15. juni som endelege tal for året 2020. Trenden er stabil, men tala uroar likevel innanfor fleire av kommunane.
Oppdateringar og endringar i Agros
Vedlagt er ei oversyn over endringar i Agros, og link til opptak frå Teamsmøtet om nyheitene i Agros for sjukdomsavløysing.
Kven gjer kva i landbruksavdelinga
Dokumentet er oppdatert per 24. juni 2021, du finn det til høgre på sida "For kommunal landbruksforvalting"
Informasjon om regelverket om nydyrking av myr
Landbruksdirektoratet ønsker å gjera tydeleg reglane rundt nydyrking av myr, jf. vedtak fatta av Stortinget.
Ingen utbetalingar i fagsystema i veke 29 og 30
På grunn av ferieavvikling i Landbruksdirektoratet vil det ikkje bli køyrt utbetalingar i veke 29 og 30
Redusert utbetaling av skogfond i sommar
På grunn av ferieavvikling vil det berre bli utbetalt skogfond ein gang i løpet av veke 27-30. Utbetalinga vil truleg bli i starten av veke 29.