Infoskriv nr. 36/2021 - uke 45
- Informasjonsmøte om nye endringar for SMIL i Agros
- Informasjon til bonden
- Produksjonstilskot – nytt i eStil PT
- Stenging av Agros
- Skogfondsoppgåver som må utførast før årsoppgjeret
- Skogbruk - Fristar før jul
- ØKS - Virkesdata/forsending 2021-11
- Til kommunar som er med i borkbilleovervakinga
- Granborkbiller – rapport frå overvakinga 2021
- BU-prisen i landbruket i 2021 for Vestfold og Telemark
Informasjonsmøte om nye endringar for SMIL-ordninga i Agros
Landbruksdirektoratet inviterer til teamsmøte torsdag 18. november kl 12.00 - 13.00 for å gi ein presentasjon av ny struktur for søknadsskjema og saksbehandlarløysinga for SMIL-ordninga i Agros.
Informasjon til bonden
I dag blei eit nytt informasjonsskriv sendt til bønder i Vestfold og Telemark.
Produksjonstilskot – nytt i eStil PT
Fagsystemet for produksjonstilskot, eStil PT, vert stadig utvikla og forbetra, ofte etter innspel frå kommunar og statsforvaltarar. Sei i frå om du ser behov for eller har gode idéar til endringar. Nytt i oktober 2021 er:
Stenging av Agros
I perioden 13. desember til og med 3. januar vil Agros vera stengt for godkjenning av nye vedtak. Alle saker som skal utbetalast/blir innkravde i 2021, må vera godkjent i Agros før det blir stengde.
Skogfondsoppgåver som må utførast før årsoppgjeret
Vedlagt følgjer ei oversikt over oppgåver som må utførast i ØKS:
Skogbruk - Fristar før jul
ØKS: Siste frist for utbetaling og vedtak om innvilga tilskot er fredag 3. desember.
Siste dag for føring av skogfondssaker i ØKS er måndag 20. desember.
ØKS - Virkesdata/forsending 2021-11
Virkesdata/forsending 2021-11 er no klar for kontroll, eventuelle opprettingar og godkjenning. Kommunen må godkjenne ekspederinga innan 20. november.
Til kommunar som er med i borkbilleovervakinga
Behov for nye felledeler skal registrerast i portalen for borkbilleovervakinga (eige felt nedst i registreringsskjemaet for kvar lokalitet) så snart som mogleg. Takk for god innsats med borkbilleovervakinga i 2021.
Granborkbiller – rapport frå overvakinga 2021
NIBIO har publisert rapporten «Granbarkbillen – Registrering av bestandsstørrelsene i 2021». Rapporten viser at det har vore auke av granborkbiller i 11 av 12 fylker (gammal inndeling) frå 2020 til 2021.
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i 2021 for Vestfold og Telemark
Fredag 5. november vart BU-prisen delt ut til Virgenes gard i Larvik kommune. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark gratulera med ein velfortent pris.