Infoskriv nr. 10/2021 - uke 11
- Felleskjøpet tilbyr seg å hente gamal, brukt landbruksplast på garden i år
- Korleis stadfeste at utanlandsk personell som skal inn i grøntnæringa er knyt til kritiske samfunnsfunksjonar?
- Jordbruksareal som vart bygd ned i 2020
- Tilskot til miljøtiltak i skog 2021
- Endra tolking for skogfond ved sal / oreigning av veggrunn mm
- Resultatkartlegging miljø og skogbrukstiltak 2021 - kommunalt ansvar
- Påminning: Jordvernpris 2021
19.03.2021
Felleskjøpet tilbyr seg å hente gamal, brukt landbruksplast på garden i år
Landbruksplast på avvege er opphav til forureining og dårleg omdømme for næringa. Felleskjøpet tilbyr i år å hente gamal, brukt plast på garden slik at transporten til godkjent mottak blir enklare for bonden.
18.03.2021
Korleis stadfeste at utanlandsk personell som skal inn i grøntnæringa er knyt til kritiske samfunnsfunksjonar?
Grøntnæringa er inne i ei kritisk tid med tanke på arbeidskraft til oppal, utplanting og stell. Mangel på arbeidskraft kan føre til at areal som tidlegare er bruka til grønsaker, bær og potet, heller vert nytta til korn.
18.03.2021
Jordbruksareal som vart bygd ned i 2020
Tala viser at Vestfold og Telemark bygde ned om lag 270 daa dyrka jord i 2020. Ser ein dette saman med den dyrkbare jorda, areal som er eigna til oppdyrking i framtida, ser ein at det totalt vert omdisponert 400 daa dyrka og dyrkbar jord i fylket i 2020. Trenden er stabil, men tala uroar likevel innanfor fleire av kommunane.
16.03.2021
Tilskot til miljøtiltak i skog 2021
For årets tilskot til miljøtiltak i skog er det to søknadsfristar for skogeigarane: 1. september og 1. november 2021.
16.03.2021
Endra tolking for skogfond ved sal / oreigning av veggrunn mm
Vedlagt følgjer brev frå Landbruksdirektoratet:
15.03.2021
Resultatkartlegging miljø og skogbrukstiltak 2021 - kommunalt ansvar
Kommunane skal i år gjennomføre resultatkartlegging for miljø og skogbrukstiltak på 135 felt i Vestfold og Telemark. Kommunane må registrere i felt og i fagsystemet ØKS innan 15. oktober i år. Informasjon er gitt i brev, skjema og instruks frå Landbruksdirektoratet.
Påminning
Jordvernpris 2021
Vi ber om forslag til kandidatar frå Vestfold og Telemark til nasjonal jordvernpris for 2021. Frist er 25. mars.